Published 2016-11-14 00:00:00
Myklebust Verft skal byggje hybridferjer for FosenNamsos Sjø

Myklebust Verft skal byggje to nye ferjer med batteriteknologi for FosenNamsos Sjø. Valet av Myklebust Verft viser at norske verftsindustri er konkurransedyktig i ein internasjonalt marknad.

- Dette er svært gledeleg, og vi har stor tiltru til at Kleven har solid gjennomføringsevne og kan handtere eit teknologisk utviklingsprosjekt som dette er, seier adm.dir. i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås.

Myklebust Verft skal byggje to energieffektive personbilferjer som er designa og utvikla av Multi Maritime. Ferjene vil ha teknologiske løysingar i verdsklasse, og eit energiforbruk som er berekna å bli mindre enn 30% av normalforbruket for konvensjonelle dieseldrivne ferjer av samme størrelse. Det lave energiforbruket er eit resultat av ei nyutvikla skrogform og propell-løysing, bruk av høgeffektiv varmepumpeteknologi, nyutvikla ventilasjonsløysing, ledlys, effektive batteri med lang levetid, automatisk fortøying m.m.

Teknologien som skal brukast er såkalla plug-in hybrid. Det betyr at ferjene har eit batterisystem der ein betydeleg del av energiforbruket kjem frå heilautomatisk lading når ferjene ligg ved kai.

- Vi er nøgde med at vår oppdragsgjevar AtB har satt svært strenge miljøkrav til dei nye ferjene, noko som vil føre til betydeleg reduksjon i CO2-utsleppa. - Dette gjev oss først og fremst to framtidsretta fartøy, men det er også med på å stimulere til det grøne skiftet innan skipsfart, seier Grete Fuglem Tennås.

FosenNamsos Sjø har arbeida tett med det leiande norske skipsdesignselskapet Multi Maritime om utvikling av eit nytt og framtidsretta ferjekonsept med gode kvalitetselement tilpassa dette sambandet.

- Vi set stor pris på at FosenNamsos Sjø har valt våre nyutvikla og teknisk leiande løysingar. Samtidig må vi berømme FosenNamsos Sjø for å prosjektere og byggje ferjer som mogleggjer heilelektrisk drift store delar av døgnet på eit smaband nyleg sett på som ueigna for heilelektrisk drift, seier adm.dir. Gjermund Johannessen i Multi Maritime.

- Vi er glade for at vi har fått på plass denne viktige kontrakten med Kleven, og ser fram til eit konstruktivt samarbeid til ferjene vert levert i slutten av 2018. Det vert ei hektisk tid med bygging av nye fartøy, seier Grete Fuglem Tennås.

- Det skjer mykje spennande utviklingsarbeid innan batteriteknologi som gjev meir miljøvennleg transport til havs, og vi øsnkjer å vere ein viktig partnar i denne utviklinga, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Konsernet har fleire andre fartøy med ulike batteriløysingar i ordreboka, blant anna to nye hurtigruteskip.

Dei 106 meter lange ferjene skal settast inn i sambandet Flakk - Rørvik. Nybygga vert moderne, fleksible og store ferjer med plass til 130 personbilar, og med ein toppsalong med 360 graders utsikt. Universell utforming for enkel tilkomst, ladepunkt for el-biler og eige leikerom for born er andre element som er med.

Ferjene skal i stor grad segle på elektrisk straum frå land, men på grunn av svært kort liggetid ved kai (4 minutt) vil det ikkje vere tilstrekkeleg lading til berre å basere seg på dette. Ferjene vert difor utrusta med batterisystem som ladas både frå ladestasjonane på ferjekaia og frå dieselgeneratorar om bord. Desse dieselgeneratorane vil kunne på 100% på biodiesel.

Ferjene skal utrustast ved Myklebust Verft og leverast mot slutten av 2018.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no