Published 2016-12-21 00:00:00
Harding-utstyr til Roald Amundsen og Fridtjof Nansen

I sterk konkurranse vann Harding den prestisjetunge kontrakten på å levere livredningsutstyret til MS "Roald Amundsen" og MS «Fridtjof Nansen», to miljøvenlege og banebrytande ekspedisjonsskip som Hurtigruten skal bygge hos Kleven verft.

Utstyrspakken frå Harding til kvart av skipa består av to livbåtar med tilhøyrande davitar, to tenderbåtar med tilhøyrande davitar, to hurtiggåande mann over bord-båtar (MOB) med davitar, samt ferdigstilling og igangsetting av systema om bord. Kvar livbåt har kapasitet til 150 personar. Kvar tenderbåt har ein kapasitet på 120 personar når han går i skytteltrafikk med cruisepassasjerar, og 150 personar om han må nyttast som livbåt. Alt utstyret frå Harding vil bli levert i Hurtigruten sin fargar, for å gli best mogleg inn på skipa.

– Tryggleiken står i sentrum
– Kontrakten viser til fulle at Harding er ein aktør som verftet og sluttkunden Hurtigruten har tillit til, og at vi er i stand til å levere trygge og konkurransedyktige produkt og servicetenester til eit skip som skal operere i tøffe farvatn. At både Kleven og Hurtigruten er tilbakevendande kundar hos oss, gjer avtalen ekstra hyggeleg. Hurtigruten har i dag våre livbåtar på dei fleste av skipa sine, og vi har også levert livbåtar til dei fleste av nybygga til Kleven dei siste åra, fortel Bjørn Sturle Hillestad, global sals- og marknadsføringssjef i Harding.
Dei nye hurtigruteskipa blir dei første ekspedisjonsskipa i verda med hybridframdrift, noko som gir drivstoffinnsparingar og miljøvinstar, og gjer det mogleg å segle heilelektrisk i kortare intervall på ruter til Svalbard, Antarktis, Norskekysten og andre eksotiske reisemål.
– Tryggleiken, både for våre gjester og mannskap, står i sentrum for alt vi gjer. Vi har eit langt og godt samarbeid med Harding som leverandør både langs norskekysten og til ekspedisjonsskipa våre ute i verda, og vi gler oss til å fortsette det når vi no introduserer dei første hybriddrivne ekspedisjonsskipa i verda, seier Rune Thomas Ege, kommunikasjonssjef i Hurtigruten.

Håp om fire
I tillegg til dei to skipa som er bestilt, har reiarlaget ein intensjonsavtale med verftet om å byggje ytterlegare to tilsvarande skip dei påfølgjande åra. Harding har forhandla fram prisar og vilkår for utstyrspakkar til alle dei fire skipa.
– I ein marknad som er prega av nedturen i olje- og gassektoren, er alle kontraktar viktige. For oss er det også positivt å sjå at marknadssegment som cruise, ferjer og fiskefartøy tar seg opp når offshore no ligg nede, kommenterer sals- og marknadsføringssjefen i Harding.
Både han og Robin Holmedal Pedersen, salsansvarleg for Noreg, vedgår at det ligg mykje prestisje i leveransane til Hurtigruten.
– Det har vore ekstremt tøff konkurranse om denne kontrakten, med mange nasjonale og internasjonale tilbydarar på banen. Som ein norsk aktør, i eit prosjekt der både verft og sluttkunde er norske, har det vore svært viktig for oss å visa at me framleis kan vinna dei viktigaste kontraktane her til lands. Dette er ein marknad me skal vera best i, seier Holmedal Pedersen, som opplever at Harding sitt globale servicenettverk har vore ein viktig faktor for kontraktstildelinga.

Saman om leveransen
Harding vart i sommar kjøpt opp av den austerrikske PALFINGER-gruppa. Prosess med å integrera Harding i PALFINGER MARINE, som vert ein av verdas leiande totalleverandørar av dekksutstyr, er godt i gang.
– I utstyrspakken vår skal me levera MOB-båtar og tilhøyrande davitar frå PALFINGER sitt sortimentet, noko som gjer dette til ein av dei første fellesleveransane frå Harding og PALFINGER. Prosjektet er i så måte eit godt bevis på at produkta til Harding og PALFINGER utfyller kvarandre godt – der kunden får det beste frå begge verder, seier Holmedal Pedersen.
Fakta: Harding-leveransen
Kvart av dei nye hurtigruteskipa skal utstyrast med:
–2 x MPC32 livbåtar. Kapasitet per båt: 150 personar
–2 x CTL38 kombinerte liv- og tenderbåtar. Kapasitet per båt: 120 personar som tender / 150 perso

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no