Published 2017-01-25 00:00:00
Color Line satser på hybrid feje på Sandefjord - Strømstad
Color Line inngår intensjonsavtale om bygging av verdas største hybridskip

- Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi er svært glade over å ha blitt valt til partnar på dette utruleg spennande prosjektet. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Color Line, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. Fartøyet skal designast av Fosen.

Skipet er planlagt sett inn i trafikk på strekninga Sandefjord-Strømstad frå sommarsesongen 2019. Ferja blir ein plug-in-hybrid, der batteria vert ladda via ein straumkabel med miljøvennleg straum frå eige landstraumanlegg eller vert ladda om bord frå skipets generatorar.
Skipet, med arbeidsnamnet "Color Hybrid", vil ha nesten dobbel kapasitet som M/S "Bohus", som etter planen skal fasast ut når den nye ferja skal settast i drift. Skipet vil ha full batteridrift inn og ut fjorden til Sandefjord. Ho vil derfor ikkje gje utslepp til luft av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelforbindelsar i dette området
Miljø er ein akselerator for Color Line, der selskapet blant anna har installert landstraum i Oslo, Larvik og Kristiansand. Med landstraum i Sandefjord vil alle norske hamner til Color Line ha landstraumanlegg. - Vi har ambisjonar om å vere leiande innan europeisk nærskipsfart, og "Color Hybrid" er eit nytt bevis på dette, seier Kleivdal i Color Line.

Color Line er i dag det einaste rederiet i den internasjonale passasjer- og godstrafikken til og frå Norge med skip registrert i norsk skipsregister og med norsk hovudkontor. Satsinga på nytt skip med ny miljøteknologi skjer blant anna fordi selskapet gjennom regjeringas maritime strategi har fått tilnærma like rammevilkår som sine konkurrentar i Norden, seier Trond Kleivdal.

Verdas største plug-in-hybridferje vil vere 160 meter lang, og ha ein kapasitet på 2 000 passasjerar og om lag 500 bilar. Skipet vil gi betydeleg auka kapasitet på strekninga mellom Norge og Sverige, og vil representere eit utvida og forbedra servicetilbod om bord og dermed ei ny og betre reiseoppleving.


© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no