Published 2017-02-08 00:00:00
Jack-up-skipet ‘SOUL’ - det neste steget for offshorevind

Ulstein og SeaOwls lanserte jack-up-fartøysdesignet ‘SOUL’ på Offshore Wind Journal-konferansen i London 7. februar. Det korsforma strukturoppsettet gjer designløysinga meir enn 10 prosent lettare i vekt enn vanlege jack-up-fartøysdesign. Skipet har ei høgkapasitetskran, og dette bidreg til at operatørane med dette fartøyet kan nå nye nivå når det gjeld utbygginga av offshorevindparkar. Konseptet tek sikte på å installere neste generasjons vindturbinar (10-12 MW) på same tid som ein i dag brukar på å installere 6-8 MW-turbinar. Dette gir ein betydeleg gevinst på effektivisering.

Det nye med SOUL er at beina er dreia 45 gader, slik at eitt bein er plassert framme og eitt bak, og eitt på kvar langside. Med dette arrangementet blir vekta til stålstrukturane kraftig reduserte. Ein kan då bygge større skip, ta større dekkslast og med ei lavare stålvekt.

- Utviklinga av dette nye jack-up-fartøyet er det neste logiske steg i strategien vår om å utvide designporteføljen vår og bli eit leiande selskap i å bidra til meir effektive løysingar i offshorevindindustrien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group. - Designområdet vårt i Nederland har omfattande erfaring innan tungløftsdesign. I samarbeid med SeaOwls, som har lang erfaring innan jack-up-teknologi, har partane kome fram til dette nyskapande konseptet som er basert på velprøvd teknologi.

Dei vanlege jack-up-fartøya har jack-up-beina i dei fire hjørna av skipet. Det gjer at det blir vanskeleg å konstruere skip over ein viss storleik og med design for å klare høge dekkslastar.

- Vi la merke til at dette skapte usikkerheit hos vindturbinprodusentar, -operatørar og -installatørar om korleis ein kan installere neste generasjon vindturbinar, då flytande fartøy ikkje er eit alternativ, seier Erik Snijders, grunnleggar og administrerande direktør i SeaOwls. – Dermed gjekk vi tilbake til det optimale jack-up-designet, ein firkanta plattform med beina spreidde så mykje som mogleg. Ved å rotere plattforma 45 grader får ein ei naturleg bogeform med to av beina og krana på fartøyet si midtlinje.

- Denne tilsynelatande enkle vrien i designet opna for at vi også kunne gjere ei stor forbetring for korleis skipet kan utøve arbeidsoppgåvene sine, seier Bram Lambregts, viseadministrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV. - Med hovudkrana rundt beinet i akterenden av skipet får ein ei optimal rekkevidde på hovuddekket og med høg løftekapasitet over sida.

SOUL-serien kjem i ulike storleikar, slik at skipet kan transportere frå tre til seks 10-12 MW vindturbinar. Alle laste- og installasjonsoperasjonar kan gjennomførast utan at det trengst ballastvatn.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no