Published 2017-05-25 00:00:00
CETUS kontraherer tråler ved Fitjat mV med SALT fesign

Rederiet Cetus AS fra Vea på Karmøy har i dag kontrahert ein 65 m topp moderne pelagisk nordsjøtråler fra Fitjar Mek. Veksted AS.
Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter tett og godt samarbeid med rederiet.
Etter ein god og konstruktiv fase med designutvikling og verftsforhandlingar, blei skipsbyggingskontrakt signert av partane onsdag 24 mai 2017.
Det svært miljøvennlige, effektive og moderne fiskefartøyet blir 65 meter langt, får ei bredde på 14 meter, og skal utrustast som rein pelagisk tråler.
Mykje av utstyret ombord er enno ikkje bestemt, men planen er å bestemme hovedutstyr under den store shippingmessa Nor-Shipping som startar i Oslo 30 mai. Der deltar både Fitjar Mek. Verksted og Salt Ship Design med eigen stand.
Skroget kjem til verftet på Fitjar i august 2018, og nye Cetus skal overleverast rederiet i februar 2019.
Aleksander Vedø og Helge Olav Vikshåland fra Cetus AS har store forventningar til sin nye båt, og synes det er ekstra gledeleg at både designer og verft er lokale.Fitjar Mek. Verksted held til på Fitjar og har 80 fast tilsette.
Verftet er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen og satsar spesielt innan fiskeri- og havbruksmarknaden, men byggjer òg spesialfartøy som t.d. Kystverkets nye fartøy.
Me er svært nøgd med å få tilliten, og ser fram til samarbeidet med Salt og Cetus. Fitjar Mek. er 60 år i år, og eg ser ikkje ei kjekkare gåve til våre tilsette enn eit slikt prosjekt, seier ein nøgd verftsdirektør Hugo Strand.
Den nye designkontrakten er svært gledelig for Salt, sier Egil Sandvik hos Salt Ship Design; nye Cetus er første fiskebåtdesign for norsk rederi, og Salt sin tredje fiskebåtkontrakt sidan oppstarten i 2012. Det er første Saltdesign
som skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted, og me hos Salt ser fram til godt samarbeid om nye Cetus.
Fiskeri og aquakultur er ein viktig marknad for Salt, og selskapet har med Cetus totalt 11 fartøysdesign under byggjing.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no