Published 2018-07-04 00:00:00
Ulstein Verft byggjer stort kabelleggingsfartøy for Nexans
Nexans Subsea Operations har inngått kontrakt med Ulstein Verft på bygginga av eit stort, DP3-kabelleggingsfartøy.

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group har følgjande kommentar til kontrakten:

- Vi set stor pris på at Nexans, ein solid og viktig maritim aktør, vel Ulstein til å bygge sitt nye flaggskip. - Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Denne kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonal konkurranse. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.

Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Skipet av typen ST-297 CLV, er designa av Skipsteknisk, Ålesund. Fartøyet er utvikla for operasjonar i tøffe vêrforhold, med høg manøvrerings- og posisjoneringsevne. Ulstein Verft skal bygge fartøyet og førebu for montering av kabelleggingsutstyret.

Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive med stor kabelkapasitet på heile 10 000 tonn, og i tillegg ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 m breitt og 149,9 m langt. Det har dødvekt på 17 000 tonn, og kan innkvartere 90 personar.

- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no