Published 2019-02-27 00:00:00
Ulstein har fått kontrakt på fjerde cruiseskip for SunStone

Reiarlaget SunStone Ships har signert sin fjerde skipbyggingskontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip i Infinity-serien. Fartøyet, som skal byggast på CMHI-verftet i Kina, er eit CX103-design med X-BOW® og er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Designkontrakten for SunStone Ships var den første cruisekontrakten for Ulstein, eit skipsdesignselskap med lang erfaring frå offshoreindustrien. Den patenterte skipsbaugen, X-BOW®, vart opphavleg utvikla for eksepsjonelt gode sjøeigenskapar ved tøffe vêrforhold, men har også ein fordel ved at han gir meir plass i baugområdet. Denne ekstra plassen har på dette skipet blitt utnytta til romslege salongar med eineståande utsikt.

Designa for luksusturar

Vantage Cruise Line har chartra det fjerde fartøyet, "Ocean Explorer", og har til no planlagt cruise til stader som søraust-Asia, Middelhavet og Skandinavia.

Infinity Class-fartøya er 104,4 m lange og 18,4 m breie. Dei har passasjerkapasitet på 130-200, og mannskapskapasitet på 85-115. Skipet er lite nok til å gi ei eksklusiv atmosfære, og stort nok til å kunne by på det meste av forventa tenester og fasilitetar, mellom anna jacuzzi, bar og restaurant, boutique, utandørskino, treningsstudio og spa. Skipet har mykje utstyr for utandørsaktivitetar, til dømes syklar, padlebrett og kajakkar, og små ilandsettingsfartøy.

Interkontinentalt samarbeid

Infinity-prosjektet er eit samarbeid over landegrenser, der reiarlaget, chartraren og interiørdesignarane held til i USA, skipsdesignet er utvikla I Noreg, og skipsbygginga går føre seg i Kina.

Det første fartøyet i denne serien på potensielt ti skip, “Greg Mortimer", er i sluttfasen før planlagt levering i 3. kvartal 2019.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no