Published 2019-02-28 00:00:00
Lindblad bestiller nytt cruiseskip frå Ulstein

Ulstein Group skal byggje eit polarskip nummer to for Lindblad Expeditions Holdings, Inc. Lindblad sin polarflåte aukar då til fire.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er ein verdsleiande leverandør av ekspedisjonscruise og opplevingsreiser. Reiarlaget har frå før ein skipsbyggingskontrakt på plass ved Ulstein Verft. Skip nummer éin, ‘National Geographic Endurance’ skal leverast i første kvartal 2020.

- Vi er svært nøgde med at Lindblad, ein verdsleiande aktør innan ekspedisjonscruise, igjen har valt Ulstein som designar og byggjar av det nye ekspedisjonscruiseskipet deira. Dette er ei tillitserklæring til alle våre tilsette, seier Ulstein sin konsernsjef, Gunvor Ulstein. Ho held fram: - Lindblad er ein kompetent og erfaren kunde, og vi ser fram til eit fortsatt godt og konstruktivt samarbeid med dei.

Fartøyet blir bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik, og er planlagt levert i tredje kvartal 2021. Polarskipet er systerskip til ‘National Geographic Endurance’, og har den høgaste isklassa (PC5 Category A) som har blitt tatt I bruk for spesialbygde passasjerfartøy, Det er utstyrt med Ulstein sin X-BOW®, som gir ei jamn og komfortabel reise sjølv ved høg sjø i mot, noko som også fører til auka drivstoffeffektivitet og reduserte utslepp.

- Det er svært spennande å kunngjere neste fase i vekststrategien vår, seier Sven Lindblad, som er president og konsernsjef i Lindblad, og held fram: - ‘National Geographic Endurance’ byr på heilt unike reiseruter som følgje av eigenskapane til skipet. Fartøyet har blitt møtt med stor spenning både frå passasjerar som har reist med oss før, og frå dei som er nye for Lindblad-National Geographic, og vi er sikre på at systerskipet hennar vil bli møtt med den same entusiasmen i marknaden. Desse to skipa representerer eit heilt nytt nivå på yteevna innan ekspedisjonscruise, både når det gjeld komfort for passasjerane, når det gjeld kva regionar og ruter dei er i stand til å trafikkere, og evna til å kunne fungere som vitskapsplattformer i nokre av dei fjernaste og mest urørte delane av verda.

Som systerskipet vil det nye skipet ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter, og er designa for at gjestane skal kunne ha nær kontakt med naturmiljøet og vere ei ultimat plattform for utforsking. 75 prosent av lugarane har balkongar der ein kan nyte utsikta, der er fleire observasjonsdekk både inne og ute, og observasjonsvingar, noko som gjer at det omliggande miljøet til ei kvar tid vil vere tilgjengeleg. Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon. Skipet har eit breitt utval av ekspedisjonsmateriell, til dømes kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop, undervassvideokamera med meir.

-Vi er begeistra over å annonsere bygginga av dette spennande nye skipet, seier Nancy Schumacher, viseadministrerande direktør innan reiseaktivitetar i National Geographic Partners. - Dette er eit nytt eksempel på suksessen og den pågåande ekspansjonen i partnarskapen mellom National Geographic og Lindblad.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no