Published 2019-08-01 00:00:00
Color Hybrid levert fra Ulstein Verft
Verdas største plug-in hybridfartøy er levert frå Ulstein Verft

Color Hybrid, verdas største plug-in hybridskip vart i dag levert frå Ulstein Verft til Color Line. Skipet er med sine innovative og miljøvennlege løysingar eit viktig prosjekt både for Ulstein, Color Line og den maritime klynga.
- Vi har alltid lagt vekt på å tenke nytt og levere kvalitet til våre kundar. Med brei maritim kompetanse har våre dyktige og engasjerte medarbeidarar gjort ein stor innsats for å ferdigstille Color Hybrid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein og held fram: Vi vil takke Color Line for eit godt og konstruktivt samarbeid gjennom heile byggeperioden og vi er glade for at skipet no kjem i drift og at mange etterkvart skal få oppleve å reise på tur med Color Hybrid.
Over 70% av leverandørane på Color Hybrid er frå den maritime klynga i Norge og dei representerer det ypparste innan maritim næring.
-Bygginga av verdast største plug-in hybrid skip er i tråd med våre ambisjonar om vidareutvikling av berekraftige og miljøvennlege løysingar for norsk skipsfart, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.
Grøn, smart og innovativt
Color Hybrid tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp frå skip. Skipet er ein plug-in hybrid, der batteria på fem megawatt kan ladast via en straumkabel med miljøvennleg straum frå landstrømanlegg på kaia i Sandefjord. Skipet vil gå ut og inn av Sandefjordsfjorden tilnærma lydlaust og utan utslepp av skadelege miljøgassar, eller nitrogen- og svovelpartiklar til luft i området.
Batteripakken veg 65 tonn og kan ladast på ein time. Skipet har i tillegg eit varmereservoar på fem megawatt som utnyttar varmen både frå kjølevatnet og eksosen til oppvarming. Saman med ein optimal skrogkonstruksjon bidreg dette til å gjere skipet energieffektivt og miljøvennleg.
Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.


© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no