Published 2019-09-06 00:00:00
Det aller første X-BOW-cruiseskipet er levert

Greg Mortimer’ vart døypt i ein kombinert dåps- og overleveringsseremoni 6. september på verftet China Merchants Heavy Industry (CMHI). Dette er det første ekspedisjonscruiseskipet i SunStone sin INFINITY-serie. Skipa er designa av Ulstein Design & Solutions i samarbeid med reiarlaget og deira kunde, Aurora Expeditions. Fartøyet er no klar for første tur til Antarktis.

Skipet har fått namnet sitt etter Greg Mortimer, som er grunnleggaren av Aurora Expeditions, det australske selskapet som har chartra skipet.

- Skipsdesignkontraktane for SunStone Ships var eit gjennombrot for Ulstein i ekspedisjonscruisemarknaden, og vi er glade for at partnaren vår, CMHI-verftet, har levert det første kinesiskbygde ekspedisjonscruiseskipet. Frå Ulstein si side er det lagt ned ein stor innsats for å ivareta behova for passasjerar og mannskap. Ulstein har fokusert på å utvikle eit fartøy som skal vere ein best mogleg plattform for uforgløymelege reiser for passasjerane, seier Tore Ulstein, COO Ulstein Design & Solutions og viseadministrerande direktør i Ulstein Group.

‘Greg Mortimer’ er det første av potensielt ti polare ekspedisjonscruiseskip for det amerikanske reiarlaget SunStone Ships. Alle skal byggast ved CMHI-verftet i Kina. Fartøyet er det aller første ekspedisjonscruiseskipet der Ulstein si patenterte X-BOW®-løysing er ein del av designet. X-BOW® gir ei mjukare og meir komfortabel reiseoppleving i mote sjø. Mindre motstand i bølgene reduserer drivstoffbehovet, med det resultatet at miljøavtrykket vert lågare.

Alle skipa i INFINITY-klassen vil bli tilpassa kvar enkelt operatør, slik det også er tilfelle med ‘Greg Mortimer’. Aurora sine teamekspertar har vore tett involverte i skipsprosjektet for å sikre eit best mogleg ekspedisjonsskip for deira formål og reiseruter.

Det 104 meter lange skipet er bygd i samsvar med Polar Class 6-standardar for ekspedisjonar i kalde farvatn. Der er 80 passasjerlugarar med private bad og balkongar. Andre fasilitetar inkluderer ein restaurant og bar, eit forelesingsrom, ein salong, eit 180-graders innandørs observasjonsdekk og utvendige utsiktsområde. Etter ein lang dags utflukt på isen kan passasjerane velje å trekke seg tilbake til skipet sitt treningsrom, sauna og spa eller eitt av dei to boblebada.

Verdt å nemne er også ein spesialdesigna plattform for kajakkpadlarar og dykkarar, ein dedikert lasteplattform for gummibåtar på havnivå, og eit omkledingsrom/garderobe for utflukter. Sideportar mogleggjer lasting og lossing av fire gummibåtar på same tid.

© 2014 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no