Published 2022-01-27 00:00:00
Ulstein designar dei førsteSOV til kinesisk havvindindustri

Den 25. januar 2022 signerte Ulstein Design & Solutions AS og ZPMC-verftet i Kina ein designkontrakt på to ulike serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Det er Shanghai Electric Windpower Group som skal ha skipa, som vert dei første spesialdesigna SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien.



Ulstein Design & Solutions og Shanghai Electric har med dette inngått eit samarbeid som gjer at dei vert blant dei første aktørane innan operasjons- og vedlikehaldstenester (Operations & Maintenance – O&M) i den kinesiske havvindindustrien.



Som dei første SOV-skipa i Kina har ein i designprosessen gjort seg nytte av den breie erfaringa Ulstein har frå havvindindustrien. Skipa vil vere av to ulike design, der begge er utstyrte med skrogformene X-BOW® og X-STERN®. Skipa vil ha plass til høvesvis 60 og 100 personar, og vil gjere Shanghai Electric i stand til å kunne tilby operasjons- og vedlikehaldsstøtte til sine sluttkundar. I utviklinga av begge skipsdesigna er det lagt vekt på optimalisering av yteevne, kapasitet og drivstofføkonomi. Skipa vil vere utstyrte med batteri for eit grønare karbonavtrykk når dei skal yte service innan fornybar energi-


© 2021 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no