Published 2022-02-16 00:00:00
Bluewild kontraherer ny fabrikktrålar med design frå Ulstein

Fiskeriselskapet Bluewild fornyar flåten sin med ein fabrikktrålar designa av Ulstein Design & Solutions AS. Skånsam handtering av fangsten og lavast mogleg energiforbruk har vore viktige element i designutviklinga. Trålaren vil bli bygd ved Westcon Yards.

Hekktrålaren er av designtypen ULSTEIN FX101 og markerer starten på ei ny satsing innanfor fiskeri for Ulstein. Skipet har innreiing for 30 personar. Det 73,2 meter lange skipet har netto lasterom på om lag 2000 kubikkmeter og blir utrusta med kvadruppel trål og pelagisk trål. Skrogutforminga med X-BOW® vil bidra til mindre brå rørsler og vil minimere sjø på dekk.



ECOFIVE - for meir berekraftig fiskeri

ECOFIVE er eit konsept utvikla av Bluewild, som set ambisiøse krav til lavast mogleg energiforbruk, størst mogleg utnytting av fangsten, uttak av ernæringsverdi og høgast mogleg kvalitet på sluttproduktet. For å tilrettelegge for måla i ECOFIVE har Ulstein utvikla konkrete løysingar og bygd over ein ny ‘lest’ for fabrikktrålarar. Grundige analysar i starten av designarbeidet og omfattande samarbeid med reiarlaget gjorde at ein har funne ein ny konfigurasjon for slike fartøy, tilpassa reiarlaget sin ønska driftsprofil og produksjonsfilosofi.



Blant anna har Ulstein utvikla eit system for fangstmottak og oppbevaring som i størst mogleg grad skal halde fangsten levande heilt fram til prosesseringa. Ved å ta fangsten direkte inn under vasslinja i ulike separate tankar unngår ein kvalitetstap under hiving og lagring i tørre mottakstankar, og fabrikk-kapasitetane får ei jamnare utnytting.



Les meir om ECOFIVE og nye løysingar: https://ulstein.com/news/2022/ecofive-for-meir-berekraftig-fiske



Hybrid kraft- og framdriftssystem

Det hybride kraft- og framdriftssystemet, som kombinerer dei beste eigenskapane frå dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift, vert støtta av ein stor batteripakke. To store propellar med rordyser aukar manøvreringsevna og slepekrafta, og bidreg til å minimere energitap ved rorutslag. Overskotsenergien, som returenergien frå vinsjane, vert lagra i batteripakken og overskotsvarme frå motorane blir gjenvunne og brukt der det er behov elles i skipet.



Basert på den operasjonelle profilen til skipet har Ulstein planlagt framdriftssystemet og systemintegrasjonen som mogleggjer drivstoffinnsparingar på minst 25 prosent per kilo produsert fiskeprodukt samanlikna med eit konvensjonelt kraftsystem. I enkelte operasjonar, saman med dei andre energiøkonomiserande tiltaka om bord, kan dette talet bikke 40 prosent. Denne betydelege reduksjonen i energibehovet fører ikkje berre til reduserte drivstoffutgifter for reiarlaget, men vil også gi ein vesentleg reduksjon i utslepp av klimagassar.


© 2021 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no