Published 2022-06-15 00:00:00
Ulstein designar metanoldrivne havvindfartøy for Acta Marine

Acta Marine har skrive kontrakt på to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for havvind med design frå Ulstein Design & Solutions, dei første fartøya med ULSTEIN TWIN X-STERN™. Designkontrakten inkluderer også opsjonar på ytterlegare to skip. Alle dei fire skipa er av SX216-designet frå Ulstein og vil bli leverte med kombinerte metanol-/dieselgeneratorar.

- Vi ser fram til å bygge vidare på vårt eksisterande forhold til Ulstein Design & Solutions AS for dei framtidsretta CSOV-skipa våre, der vi kombinerer Acta Marine si operasjonelle erfaring og Ulstein sine innovative designevner, seier Rob Boer i Acta Marine.

TWIN X-STERN – Reduserte rørsler, auka komfort og drivstoffeffektivitet
ULSTEIN TWIN X-STERN™ kan forklarast som eit skip med to hekkar og fire hovudpropelleiningar: to i kvar ende. Med ein X-STERN®-hekk i kvar ende har skipet god operasjonsevne då ein av endane kan haldast mot vêret utan at hastigheita vert påverka.

TWIN-X-STERN-designa frå Ulstein deler dei følgjande eigenskapane: Dei er drivstoffeffektive, med forbetra yteevne på dynamisk posisjonering (DP) og manøvrering, har reduserte rørsler og gir mindre støy. Med TWIN X-STERN er fleksibiliteten større når det gjeld val av propelltype, skrogforma er symmetrisk og det krevst færre framdriftseiningar.

God kvile er ein føresetnad for ei trygg utføring av arbeidet. Skipa gir serviceteknikarane sikker tilgang til havvindinstallasjonane, og sikrar trygge operasjonar og komfortabel innkvartering for personellet om bord.

Hybrid kraftløysing med grøn metanol som hovudenergikjelde
Acta Marine sine CSOV-ar har ei hybrid kraftløysing, med grøn metanol tiltenkt som hovudenergikjelde. Dual-Fuel-motorane vert støtta av ein batteripakke, som er integrert i fartøya på ein slik måte at dei mest drivstoffeffektive driftsmodusane vert brukte, reduserer vedlikehaldskostnadene og gir lågare utslepp.
Etter at metanol vart valt som den alternative energikjelda, starta Ulstein Design & Solutions med å tilpasse designet, implementere metanolbunkringa, tank- og systemoppsettet på eit konseptuelt nivå.

Ulstein sine design for havvindserviceskip

Havvindserviceskipsdesigna frå Ulstein har vorte utvikla for å effektivt støtte oppstart, drift og vedlikehald av vindparkar offshore.

SX216-fartøyet har ei lengde på 89,9 meter, ei breidde på 19,2 meter og har plass til 135 personar. Skipet har ein rørslekompensert gangveg (W2W) for ei trygg overføring av personell til turbinane, ei 3D-rørslekompensert kran for lastoverføring og har også plass til eit mindre fartøy som kan frakte personell mellom turbinane.

Ulstein har tidlegare utvikla og bygd to CSOV-ar for det nederlandske reiarlaget. Dei nye fartøya blir bygde ved Tersan Shipyard.

© 2021 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no