Published 2022-06-21 00:00:00
Ulstein-design for Vallianz hybrid tungtransportfartøy

Vallianz Holdings Limited, Singapore, har skrive kontrakt med Ulstein Design & Solutions BV, Nederland, for utviklinga av sitt nye, hybride tungtransportfartøy (HTV). Det nye fartøyet, eit kundetilpassa ULSTEIN HX120-design, har ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem.

Fartøyet er designa for operasjonar over heile verda, mellom anna til den aukande transportetterspurnaden i havvindindustrien i tillegg til frakt av LNG-modular og offshore-strukturar.

Dimensjonane er optimaliserte for å støtte Vallianz sin forretningsplan om å ikkje berre transportere dei ulike delane til ein vindturbin (understell, monopåle, overgangsstykke, turbinblad), men også såkalla ‘float-over’-operasjonar.

Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag, då det vil bli drive av eit hybridkraftsystem med ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem. Det elektriske batterisystemet blir levert av kanadiske Shift Clean Energy, medan Bureau Veritas har ansvaret for klassifiseringa av fartøyet.

Vallianz sin nye HTV er designa med ULSTEIN X-BOW® som bidreg til redusert energiforbruk, meir komfortable og sikrare operasjonar når skipet går gjennom sjøen.

- Sidan 2010 har havvind vore ein fokusmarknad for Ulstein, seier Cathrine Kristiseter Marti, konsernsjef i Ulstein Group. – Med våre referansar innan SOV-skip (Service Operation Vessels), tungløftsfartøy og steininstallasjonsskip, har vi bygd opp ein sterk posisjon som ein skipsdesignar innan havvindinstallasjon og -vedlikehald.

- Strategien vår er å utvide aktiviteten vår til fartøy innan havvindlogistikk, fortel Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV, og legg til:
- Ambisjonen vår er å bli det føretrekte designselskapet for denne typen fartøy. Vi er takksame for tilliten som vert vist oss frå Vallianz, og vi ser på denne avtalen som ein viktig milepåle i strategien vår.

For å markere samarbeidet deltok representantar frå Vallianz, Ulstein, Shift og Bureau Veritas på ein signeringsseremoni på Ulstein sitt designkontor i Rotterdam, Nederland.

Hovuddimensjonane til fartøyet:
Lengde over alt (LOA) 173.8 m
Breidde (moulded) 42.0 m
Djupne 13.3 m
Dekksareal > 6,000 m2
Fri dekkslengde 145 m
Dekksstyrke 25 t/m2
Djupgang (design) 7.0 m
Innreiing 30 p

© 2021 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no