Published 2022-08-24 00:00:00
Marin Teknikk design for nye Frøyanes

Marin Teknikk har utvikla nytt innovativt kombinert fiske- og fangstfartøy for trål og krabbefiske med moonpool, og signert designkontrakt for ett fartøy
Marin Teknikk har inngått avtale med Frøyanes As, Co. Ervik Havfsike på Stadtlandet, for å utvikle og levere design- og engineering til eit nytt og banebrytande kombi fiskefartøy for tråling og krabbefangst.

Det dreier seg om eit nyutvikla innovativt kombinert fiske- og fangstfartøy for hekktråling og krabbefiske med teiner gjennom dragerbrønn/moon-pool. Måten dette er arrangert på vil gi ein mykje meir skånsom fangst, så vel som ein tryggere arbeidsplass for fiskarane. Det nye fartøyet vil bidra til ein meir bærekraftig fangstmetode og bedre reproduksjon for krabben, siden hunkrabben blir mindre påvira av fiskeriet, og dermed ein mindre belastning og påkjenning på krabbebestanden enn idag.

Dette designet med sine løysingar vil auke effektiviseringa av fiskeriet, sidan fartøyet er mindre sårbart for is-, sjø- og værforhold. Fartøyet vil bli utrusta med spesialtilpassa og nyutvikla utstyr, til dømes optimalisert konvensjonell/diesel elektrisk framdriftsystem og optimaliserte skroglinjer som gir energibesparelse. Fartøyet er også utvikla med høg fokus på varmegjenvinning. Båten er arrangert med trippel trål system og ikkje minst ein ny vinsje- og «hale»-løysning for krabbe, samt nyutvikla fabrikkar med produksjonsanlegg for både reke og krabbe. Fartøyet får også eit eige forsknings-laboratorium for forskning på snø krabbe og andre marine artar.

Det nye fartøyet som er under bygging, vil representere noke heilt nytt i dette markedet. Ein dragerbrønn, på engelsk og i offshore-teknologien kalt en moonpool, er en brønn eller ein tank som har ein åpning ned mot sjøen i bunnen av fartøyet. Ei slik løsning for linefiske har vært på markedet i 20 år, nå er det Marin Teknikk AS og Ervik Havfiske som skal ta teknologien eit steg videre, og på sitt nye skip ta i bruk dagerbrønn ved krabbefiske.

Fartøyet får ei lengde på 70 meter og lugarkapasitet for 35 personer og skal drive fiske i norske- og barentshavet etter reke og snøkrabbe og bygges med høg isklasse. Designet har fått benevnelsen MT1217 Stern Trawler & Crab Catcher.

Fleire anerkjente leverandørar fra Norge og Skandinavia får nytte godt av kontrakten med utstyrs leveransar til fartøyet.

Dette er den 13 båten Marin Teknikk har designa for det framoverlendte Ervik Havfiske på Stadt.

Kontrakta bekreftar Marin Teknikk sin posisjon i det krevjande og ikkje minst spennede markedet innanfor for design av fiskefartøy.
Verftet, Tersan Shipyard i Tyrkia, har fått oppdraget med å bygge båten som skal være klar for levering i slutten av 202
Fabrikken skal leveres av danske Carso

© 2021 Shipping Publications as   Phone +47 331 81180   info@shipping-publ.no